bul

Bondeungdomslaget i Oslo

Her kan du abonnere på nyheitsbrevet vårt, BUL nett no
Les mer
Medlemsavgift og treningsavgift i BUL

Medlemsavgifta skal betalast forskotsvis. For å kunne øve/trene må medlemsavgift og ev. andre avgifter vere betalte. Ein kan heller ikkje røyste på årsmøta om ikkje medlemsavgifta er betalt.

Dei som ikkje har betalt medlemsavgift for 2014 er sletta. Vi har postsendt giro for medlemsavgift for 2015 med betalingsfrist 4.2.2015 og purring med betalingsfrist 19.3.2015. Hugs å bruke KID når du betalar, så blir betalinga rett registrert!

Ver gild å gje beskjed om du ikkje vil vere medlem lenger eller om det er endring i adresse, e-post osv. på tlf. 23 21 41 60 eller e-post til oddfrid@bul.no.

Les mer
BUL på Facebook

Vi har no ei offisiell side på Facebook. Søk på BUL eller Bondeungdomslaget i Oslo, så finn du oss.

Info til BUL-medlemer

Fordelar for medlemer i Noregs Ungdomslag!

Les mer


Velkomen til Bondeungdomslaget i Oslo! BUL er landets største ungdomslag og mållag og ligg midt i hjartet av Oslo, berre nokre steg frå Stortinget. BUL har songlag, idrettslag, leikarring, teatergruppe og barnelag. Vi er største aksjonær i Det Norske Teatret og har også fleire forretningar med hotell, kaffistove og husflidsutsal. BUL arbeider for kulturelt mangfald og eit ope inkluderande samfunn.

Tidsskjema ope klubbmeisterskap på Bislett Stadion onsdag 17. juni
Les mer
Vil du bli medlem i Leikarringen?

Det kostar 700 kr (student)/800 kr (vanleg) per år å vere medlem i Leikarringen.

For å melde deg inn i Leikarringen kan du trykke her

Bergen ungdomslag Ervingen feirar 10 år 16.-18. oktober!
Les mer
Støtt BUL gjennom Grasrotandelen!


Les mer
Nadia Assa og Astri Herzeth heidra på friidrettsgalla
Les mer
Program Nynorskens hus

Her kan du sjå kva som skjer i Nynorskens hus framover og kjøpa billettar til dei ulike arrangementa.

Les mer
Nynorskens hus opna 26.9.2014
Les mer
Fantastisk NM for BUL

BUL blei beste klubb på medaljestatistikken med 6 gull, 3 sølv og 4 bronsemedaljar. Ezinne Okparaebo og Jays N’dure fekk kongepokal for sine 100 meter løp og i tillegg fekk Isabelle Pedersen og Nadia Akpana Assa bestemannspremie i korte løp og hopp.

Les mer
Songlaget i BUL på Stiklestad

Songlaget i BUL var gjestar på opningskonserten under Olsokdagane på Stiklestad.

Les mer
KM i friidrett for Oslo og Akershus

IL i BUL arrangerer i 2014 KM i friidrett for både Oslo og Akershus. Reusltatlista frå dag 1 (26. august) kan du no lasta ned om du klikker vidare på "sjå meir". Dei neste KM-dagane er onsdag 17. september og torsdag 18. september (påmeldingsfrist fredag 12. september).
Påmelding via Min Idrett (www.minidrett.nif.no).


Les mer
Barnetreningar i haust startar 10. september

Siste frist for innmelding før haustens trening er 29. august. Gå inn på http://paamelding.bul.no/bul-signup.do og registrer deg!

Dersom du allereie er medlem, treng du ikkje gjere dette på nytt. Da må du berre betale treningsavgifta, som blir sendt ut i august/september. Alle treningar blir på Bislett Stadion. Oppmøte ved glasburet når du kjem ned på innebanen under tribunen. Bruk inngongen i Sofies gate, 10 meter ned i vegen frå inngong 2.

For meir: Sjå i menyen, Idrottslaget - Friidrettsgruppene - Barnetreningar

Sølv til Nadia i junior-VM!

BUL-medlem Nadia Akpana Assa blei nummer 2 i lengde i jr-VM! Resultatet blei 6.31, berre 3 cm bak vinnaren!

Dagen før hoppa ho 6.39 og hadde dermed det beste resultatet i kvalifiseringa. Det resultatet er både ny norsk juniorrekord og ei forbetring av hennar eigen klubbrekord.

Til dels sterk motvind i finalen gjorde det vanskeleg å forbetre den personlig rekorden yttarlegare.

Nadia har forbetra den personlege rekorden sin med så mykje som 30 cm i år! Ho har prestert jamt i heile år. Nadia gir trenaren sin, Johanna Bryla, mykje av æra for framgangen. Johanna har vore trenar i BUL sidan 2008!

Vi gratulerer dei begge!

Ved vegs ende

Heiderslagsmedlem i Bondeungdomslaget, Hans Sørbø, gjekk bort 10. juni 2014.

Les mer
Ny klubbrekord i lengde til Nadia Akpana Assa

Nadia Akpana Assa har satt ny klubbrekord i lengde med eit hopp på 6,37. Det var godkjent vind på +0,5 og hoppet er også årsbeste i Norge!

Les mer
BUL-utøvarar skal representera Norge i European Athletics Team Championships

Heile fem utøvarar frå IL i BUL er tatt ut til å representera Norge i Tallinn 21.-22. juni.

Les mer
NM-gull til Heidi Weng i motbakke

Heidi Weng vann Hovlandsnuten opp som også var NM i motbakke. Merete Weng tok NM-bronsen.

Les mer
Weldu Gebretsadik vann Birkebeinerløpet

I år som i fjor vann Weldu Gebretsadik Birkebeinerløpet. Weldu fekk tida 1:06:00 og var eit sekund framfor Tomas Bereket. Deretter var det heile 4 minutt ned til nestemann. Gratulerar Weldu!

Resultat frå Norwegian Grand Prix på Bislett

Mange BUL-utøvarar med nye persar og flotte resultat på Bislett torsdag 22. mai.

Les mer
Omsetjarhotellet Bondeheimen
Les mer
Jon Fosse-stykket HAV opnar Nynorskens hus

Når Jon Fosse skal ha urpremiere på det siste stykket sitt HAV, har han valt tre nynorskorganisasjonar som samarbeidspartnarar: Bondeungdomslaget i Oslo, Hordaland Teater og Det Norske Teatret, og dessutan Festspillene i Bergen.

Det er Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) som er hovudprodusent.

HAV vil ha premiere og bli spela i ungdomshus rundt om i landet. I Bergen i ungdomshuset Gimle (22. mai), i Strandebarm i ungdomshuset Haugatun (31. mai) og i Teatersalen til BUL i Oslo (26. september). I Teatersalen vil stykket også bli øvd inn.

Sjå innslag på NRK Dagsrevyen her: http://tv.nrk.no/serie/dagsrevyen/nnfa19022814/28-02-2014#t=26m50s

Les mer
Teaterslaget på NRK

NRK-programmet "Jakten på Norge" har tatt føre seg språkstriden kring framføringa av Jeppe på Bjerget på nynorsk.

Oppsetjinga fann stad i Teatersalen i 1913. Tumultane som oppstod i kjølvatnet av teaterframsyninga vart  i etterkant refererte til som Teaterslaget i Oslo.

Les mer
Bondeungdomslaget i Oslo i samarbeid om verdspremiere av Jon Fosse

Under Festspillene i Bergen 2014 blir det verdspremiere på HAV - det siste stykket til Jon Fosse.

Bak produksjonen står Festspillene i Bergen, Hordaland Teater, Det Norske Teatret og Bondeungdomslaget i Oslo, som er hovudprodusent. På scenen står nokre av dei beste skodespelarane i landet. Namna på dei medverkande blir kunngjort i februar.

Les mer