bul

Idrottslaget

Nadia Assa fekk nyleg Friidrettens Venners Utviklingspris for prestasjonane sine. Ho hoppa 6.39 i lengde i år, og vannsølv i junior-VM i Eugene, ho blei norsk seniormeister utandørs og hadde dessutan norsk årsbeste innandørs. For mange er ho per dags dato det største talentet i norsk friidrett. Nadia har ei spennande framtid i møte! Vi gler oss til å følgje utviklinga hennar vidare.

Astri Herzeth fikk friidrettens venners pris for årets dommar. Ho er kanskje best kjend for den vanlege friidrettsinterreserte som startaren på Bislett Games, men ho har vore viktig for norsk friidrett på fleire stadar enn på Bislett Games. Ho var med i Forbundets Dommerutvalg frå 1995 til 2012, med spesiell kompetanse for start. Hun har vore sentral og leia utvikling og gjennomføring av startarkurs og har sjølv vore startar i tallause store og mindre stemne, hun har vore overdommar start og starterobservatør under mange meisterskap. Astri har vore medlem i BUL siden 1999.

Gratulerer til dykk begge!