bul

Bondeungdomslaget i Oslo

Lagsrommet 1. Foto: Terje Svindseth.

Lagsrommet 1. Foto: Terje Svindseth.

Terje Svindseth

Lagsrommet 2. Foto: Terje Svindseth.

Lagsrommet 2. Foto: Terje Svindseth.

Terje Svindseth

Lagsrommet 3. Foto: Terje Svindseth.

Lagsrommet 3. Foto: Terje Svindseth.

Terje Svindseth

Teatersalen 1. Foto: Nina B. Baroudi.

Teatersalen 1. Foto: Nina B. Baroudi.

Nina B. Baroudi

Teatersalen 2, sett frå balkongen. Foto: Nina B. Baroudi

Teatersalen 2, sett frå balkongen. Foto: Nina B. Baroudi

Nina B. Baroudi

Teatersalen 3. Foto: Nina B. Baroudi.

Teatersalen 3. Foto: Nina B. Baroudi.

Nina B. Baroudi

RIMELEGE LOKALE SENTRALT I OSLO!
Er du på jakt etter lokale til prøver og øvingar, møte eller kurs?
 
Midt i hjartet av byen, i Rosenkrantz' gate 8,  leiger Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) ut Teatersalen og Lagsrommet på dagtid til prisar de kan leve godt med.
 
Teatersalen i BUL har lange tradisjonar som kulturhus i Oslo, m.a. var dette hovudscenen til Det Norske Teatret fram til 1947. Salen er nymåla i ein farge som vi har funne i dei gamle målingslaga, og som NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning) har datert til fleire tidsepokar då m.a. Det Norske Teatret heldt til i salen.
 
Salen har ei golvflate på om lag 230 m2 med nye stolar og bord, lerret, flygel og enkelt lydanlegg med to mikrofonar. Det er installert nytt ventilasjonsanlegg som gir god og balansert lufttilførsel i salen. (Konferanse maks ca. 77 bord og 154 stolar/kino-oppsett maks 225 stolar.)
 
Lagsrommet i BUL er på ca. 90 m2 og er nyleg pussa opp frå grunnen av. Lagsrommet passar godt til mindre konferansar/møte. Rommet har balansert ventilasjon, god akustikk, Internett-tilgang, lerret i taket og videokanon. (Konferanse ca. 15 bord og 30 stolar/kino-oppsett ca. 40-50 stolar.)
 
Dersom det er behov for servering og overnatting, kan dette lett ordnast gjennom Kaffistova og Hotell Bondeheimen som ligg i same bygg.
 

Ynskjer de å leige lokale, ta kontakt med oss på telefon 23 21 41 60, eller send ein e-post til lagskontor@bul.no.